VELKOMMEN TIL HOLMEN MAT & DRIKKE
Holmen mat & drikke er ein moderne og heimkoseleg serveringsstad på Spinneriet kjøpesenter i hjartet av Volda. Her kan du senke skuldrene og nyte god mat, nybakte bakverk, italiensk pizza frå steinomn og espressobasert kaffi laga med omtanke.
Hos oss finn du noko for både kvardag og fest – enten du vil ha ein god lunsj, middag med familie og vener, noko søtt til kaffien eller mat til selskap og arrangement. Vi lagar maten med gode råvarer, ekte matglede og eit ønske om å gi deg ei triveleg oppleving.
VI REDDAR MAT MED
TOO GOOD TO GO
Hos Holmen mat & drikke ønskjer vi å ta vare på både maten og miljøet. Gjennom Too Good To Go kan du hente gode overraskingsposar med pizza, bakverk, brød og andre godsaker som fortener å bli spist – ikkje kasta.
MINDRE SVINN
Vi gir god mat ein ny sjanse og reduserer matsvinn.
MEIR VERDI
Få kvalitetsmat til ein ekstra god pris.
BETRE FOR MILJØET
Saman tek vi vare på ressursane våre og bidreg til ei meir berekraftig framtid.
OM
HOLMEN MAT & DRIKKE
Bak Holmen mat & drikke står Olga, som gjennom mange år har bygd opp erfaring med baking, kaker, kafédrift og god service. Det heile starta med kaker på bestilling heime, før vegen gjekk vidare til jobb som kakelagar og medarbeidar hos Geiranger Bakeri.
Etter kvart fekk Olga meir ansvar som kaféansvarleg, og erfaringa derfrå vart starten på draumen om ein eigen serveringsstad.
HVA KUNDENE VÅRE SIER
Anbefala 10/10
Kjempe god mat. Du fe den beste maten du he smakt, slår nesten bestemor sin! Snill og flinke servitøra,Koselig plass,God pizza og burger, Goood kake,Elsker d meget
Anbefala 10/10😘🤩
Emil Amundsen